Du gledde meg så mykje,nEg kan'kje gleda deg.nDet beste som eg hadde,nVar alt for smått for deg.nMen denne vesle knoppen av mitt eige rosentre,nDen skal du ha til minne om somaren og meg.nnI fjor haust var den berre eit snøkvitt lite norndjupt nedi jorda, på rota åt si mor.nNår somarsola vart so varm, då våga den seg opp,nog skaut så friske grøne blad, og slik ein blodraud topp.nnMen då var høsten her, med iskald gufs frå hei og nut, det vart for seint, so altfor seint, han fekk kje spretta ut. So laut han døy, og vondt det var då vesle livet gjekk; men lagnad-stålet av han skar, det finst kje råd med slikt.nnOg ilska rann med livet ut i tidens djupe hav,nder lengt og liding, sorg og sut, ja alt skal gløymast av.nOg rota som den grodde på må visna bort og døy,nfor alt som lever her på jord er liksom gras og høy.n